Det minst komfortable ein kan oppleva tidleg ein fredags morgon er å få vita når ein kjem på skulen kl. 9 at ein skal ha ein prøve ingen visste me skulle ha. Som de sikkert har ressonert dykk fram til så var det dette som skjedde med meg og fleire andre på 2. året musikk på fredag. Me trudde me berre skulle syngja, men me skulle tydelegvis ha ein lytteprøve i irsk song i tillegg. Moro. Svara var ikkje spesielt gode: "sean-nós, not sean-nós, sean-nós, sean-nós, not sean-nós, Planxty, even moore Christy Moore" etc.
Og det var litt det same eit par timar etterpå då me hadde ein ny lytteprøve, denne gong i ensemble styles. Eg var meir førebudd på denne så det gjekk mykje betre. Det skal godt gjerast å ikkje høyra kva som er Horslips og kva som er Seán Ó Riada, men litt meir tricky å høyra forskjell på Altan og Beoga når donegalarane ikkje syng på irsk.
Og så set eg her igjen då, med kaffikoppen ved mi sida og prøver å skriva det x'te essayet. Om det er nokon som melder seg frivilleg til å skriva bacheloroppgåva mi så hadde eg vorte veldig glad. Kvar einaste veka har me hatt kring tre-fira innleveringar, prøvar eller presentasjonar. Det er nok å hengja fingrane i for å seie det sånn.
Apropos presentasjon så hadde eg ein presentasjon om Comhaltas på onsdag. Eg var litt nervøs i forkant kan ein seie, ikkje fordi eg skulle stå framføre fjerdeklassingane i etnomusikk og fortelja på engelsk om ein organisasjon dei antakeleg hadde betre kunnskap om enn meg, men fordi Comhaltas brukar inni heeeeitaste mykje irsk. Og eg kan ikkje irsk. Så eg sat som ein tulling kvelden før og øvde på den gæliske uttalen min. Og det hjalp jo ikkje på nervene å finna ut at nokon i klassen snakkar irsk flytande eller er frå Gaeltacht. Det verkar derimot som at eg klarte å bløffa meg gjennom det for eg fekk gode tilbakemeldingar, og enkelte påstod at eg snakka betre irsk enn dei sjølve. Då må ein jo berre smila frå øyra til øyra.
Det er dessutan forunderleg mange som spør om me snakkar engelsk i Noreg. Det verkar som dei trur det er som i Irland: majoriteten snakkar engelsk til vanleg, men det er eit nasjonalspråk der som me prøver å bevara. Me har tydelegvis så god engelsk at dei let seg lura. Men det står nok litt betre til med det norske språk enn det irske.
Eg har forresten lært meg to nye omgrep: jackeens og cullchies. Og at "nobody knows" kor mange pianostemmarar det er i Storbritannia (QI 02.12.11).